Rockeklubben HUSNES
[ Søk i Husnesrock.no:
Meny:

Mailingliste:
EPost-adresse
 
Meld inn
Meld ut


Dagens sitat:
A mind is like a parachute. It doesnt work if it not open
Frank Zappa sitat

Husnesrock-06: Focolift

Publisert: 16.07.2006 - Sist endra: 24.07.2006
Etter å ha høyrt på nokre låtar av oslobandet Focolift, ser det ut til at eg gler meg kanskje mest til akkurat denne konserten på årets Husnesrock. Namnet på bandet var ikkje ukjend for meg, men eg klarte ikkje utan vidare å plassere dei. No kan eg plassere dei i ein kategori nær mitt hjarta - ikkje så altfor langt ifrå Big Bang på nokre låtar, og ikkje så langt frå Jamiroquai på andre, litt Cake-liknande musikk er her også. Det seier sikkert sitt. Eg er subjektiv.
Focolift er i følgje musikknettstaden www.uhørt.no eit gladband som leverer varene med prestisje. Beskrivelsen av bandet er slik

Med sine to trommiser uten evne til å holde kjeft, bassist som spiller alt for mye, gitarist som er tynnere enn knut schreiner, to blåsere som nekter å stå på linje, og vokkis som er mer inkluderende enn en på karaokebar som glemmer teksten, blir det aldri kjedelig i hvert fall. På toppen av kransekaka har man Focomannen, en maskert dansejævel.
Alt ligg difor til rette for at det vil bli interessant for dei som vel å få med seg konserten med desse gutane. Bandet består av Einar Wist-Øien som vokalist, Espen Kregnes på bass, Andre Saltrøe på gitar, Martin Skar på trommer, Terje Thorvaldsen på perkusjon, Magnus Askim på trompet og Vidar Sandtrø på trombone.


Skriv ut Jorun Larsen
Relaterte artiklar:
24.07.2006 - Program
24.07.2006 - Tørrtrening
18.04.2006 - Rambelins-reunion

Ungdomsrock 09

Kvinnherad Kulturfestival nærmar seg, og det er, tradisjon tru, klart for Ungdomsrock 09.

les meir >>
Jorun Larsen den 26.01.2009

DIGG!

Laurdagkveld var ein kveld fullstappa av fenomenal musikk av typen ein får gangsperr av. Litt ukontrollert headbanging og energisk hopping framføre scena har gjort meg støl, dog akk so glad. Kul kveld!
les meir >>
Jorun Larsen den 11.02.2008


annonse:

Sinnsjukt høg kvalitet!

Det var det som møtte oss i går under UNGDOMSROCK 08 på Vift. Det var ti band som entra scena for å underholda andre musikkinteresserte. Mykje potensiale. Mykje dugande. Og sigeren gjekk til Odda!
les meir >>
Jorun Larsen den 08.02.2008


annonse:

Klart for kvelden!

Det er torsdag, og dermed klart for årets UNGDOMSROCK. Heile tolv band er påmeld til konkurransen som tek til klokka 19.00 i kveld.
les meir >>
Jorun Larsen den 07.02.2008


annonse:

Løp og kjøp!

Eg veit det er billig å bruka dårlige reklameslagord, men dog - billettane til lørdagskvelden vert lagt ut for sal i dag, og det lønar seg å vera tidleg ute. Du får nemleg meir til overs om du snopar billett på førehand.
les meir >>
Jorun Larsen den 25.01.2008

Heilafta på Vift

Det er ikkje berre ungdomsrock som vert arrangert i samband med årets Kulturfestival frå Rockeklubben si side. Det vert ei heilafta utan like laurdag 8. februar. Musikk til folket!
les meir >>
Jorun Larsen den 23.01.2008

Ungdomsrock 08!

Kulturfestivalen er rett rundt hjørna, og då er det også klart for årets UNGDOMSROCK! Tid: 7. februar, stad: Vift. Lenke til påmeldingsskjema finn du nederst i artikkelen og via menyen!
les meir >>
Jorun Larsen den 14.01.2008

Funky finale


Etter ein relativt laber ungdomskonsert laurdag ettermiddag, var oppturen vanvittig stor til kveldens Focoliftkonsert. Køen vokste kjempelang, og dansegolvet var fullt heile kvelden. Jaiks, dette var bra. Eg har ikkje ord.

les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 25.06.2007

Laga liv

Sjå for deg, du sit på prærien, ulvane hyler og du er eigentleg ganske redd. Plutseleg høyrer du ein hest nærma seg, og kan skimte ein mannemann på ryggen. Det er Paal Flaata. Han har gitaren på ryggen, og kastar luggen vekk etter han har hoppa av hesten. Han set seg ved deg, tar eit grep. Du er bergtatt.

les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 25.06.2007

Magiske Magnet

At ein so liten mann kan laga so storslått musikk. Og i tillegg vera stril. Det er ei bragd ikkje mange kan klara. Magnet smaug seg inn i hjarta våre, og det er nett der me vil ha han. Even Johansen har ei utruleg dynamisk røyst, og med den tok han publikum med seg inn i eit storslått lydleg landskap. Staden vera tidleg ei St. Hans afta.

les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 24.06.2007

Focobrus til alle!

Ungdomsarrangementet under årets festival var Focolift på Vift. Alle dei innbetalande vart Focofrelst, det vil seie ein person, og nesten alle fekk overrasking av dei glade gutta i bandet. Focobrus frå Thailand er sikkert undervurdert.
les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 24.06.2007

Flott familiearrangement


Laurdagføremiddag var det familiedag i Husnessentrum. Mange fann vegen, kanskje det var på grunn av den åtte meter høge opplåsbare klovnen som ønska gjestene velkommen. Mykje aktivitet og lite parkeringsplassar gjorde sitt til å gjera arrangementet svært vellukka.

les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 24.06.2007

Pangstart på festival


Oslobandet My Midnight Creeps opna Husnesrock-07 med ein fantastisk livekonsert, smekkfull av urban rock. Stemninga var særs god og det var berre lovord å høyra frå publikum undervegs, og i etterkant av arrangementet. Tomlane opp og skål!
les meir >>
Jorun Larsen, Foto: Espen Eik den 24.06.2007

Familiedag

So seg hør og bør vert det også aktivitetar for dei yngste under Husnesrock-07. Gildet byrjar klokka 12, og staden for festlegheitene er revyteltet, og området utanfor Senteret, og om vêret tillet det, blir det grilling i husnesparken i tillegg. Alt ligg iallfall tilrette for ein strålande dag, også for den yngre garde.

les meir >>
Jorun Larsen den 14.06.2007

Og prisane er...

For å oppleva dugande musikarar, må ein ofte ut med millionmilliard kroner, iallfall om ein er student. Eller det kjennest iallfall slik mange gonger, og vips, så har ei fin fin unnskyldning til å bli heima. Slik er det IKKJE på Husnesrock -07!

les meir >>
Jorun Larsen den 11.06.2007

In Motion på solplassen

Under Husnesrock07 er sjølvsagt også ungdommen representert. In Motion skal underhalda under familiearrangementet på solplassen i Husnes sentrum. Dei gler seg mest, og er litt nervøse i tillegg, dette er andre gong heile bandet er samla til liveopptreden…

les meir >>
Jorun Larsen den 04.06.2007

Overnatting

For å gjera det litt enklare for vårt tilreisande publikum legg me no ut lenker til diverse overnattingsplassar. For dei som ikkje kjem så langt ifrå, vil det gå buss, både til Utåker og Rosendal, til den nette sum av 60 blanke.
les meir >>
Jorun Larsen den 29.05.2007

Ein aldri så liten oversikt

Det kan vera lett å gå seg vill blant festlokale i Husnes sentrum santanshelga. Difor presenterer me no eit lite oversyn over kva konsertar som skal vera kor og kva tid. Dette finn ein også på plakatar rundt om i kommunen og omegn, men dette er eit tiltak som skal sikra at alle som vil kjem fram.
les meir >>
Jorun Larsen den 25.05.2007

Treng frivillige

Årets Husnesrock er rett rundt hjørna, og det meste held på å falla på plass. Nokre elementære bitar manglar likevel enno, og det er då snakk om frivillige som kan bidra på kva som helst måte under festivalen.
les meir >>
Jorun Larsen den 07.05.2007

Fins det verkeleg meir krem?

Dei nemnde artistane som skal gleda oss ved årets Husnesrock er av Noregs beste, og neste avsløring legg seg i same sjiktet. Toppsjiktet. Denne artisten har blitt elska både nasjonalt og internasjonalt, og er kjend for den nære, melankolske musikken sin. I dag (måndag) har den fjerde plata hans kome i butikkane, og turneen hans vil berre ta turen til eit fåtal utvalde plassar. Deriblant Husnes...

les meir >>
Jorun Larsen den 26.03.2007

Alle gode ting er tre

Det er no på tide å legga fram enno nokre godbitar til Husnesrock 07. Den tredje artisten har relativt lang erfaring i bransjen, og er i mine øyre litt lik Minor Majority i stil – nedpå og kontrollert, pluss ei stemme som Ane Brun må ha hatt som førebilete – skjelvande countryprega, i tillegg til rå og kraftfull. Dette blir bra!

les meir >>
Jorun Larsen den 22.03.2007

Årets!

Neste kort Rockeklubben drar ut or ermet er ikkje anna enn ein joker. Dette er eit kort ein kan leita lenge etter, og spådommane for dette bandet er at dei vil vera det heitaste namnet i rockeNoreg dette året. I tillegg til Husnesrock, skal dei blant anna spela på Hove- og Øyafestivalen… Kan du gjette kven det er?

les meir >>
Jorun Larsen den 05.03.2007

La leikane begynna!

Me har alle venta i spenning. Heile tida gjennom den mørke vinteren. Nokon har kanskje venta heilt sidan sist festival, som by the way var fullspekka av fabelaktig musikk. Ventetida er over folkens. No kjem me til å lekka info om band litt etter litt, heilt til rocken atter rular Husnes city i slutten av juni månad (22-23 juni).
les meir >>
Jorun Larsen den 04.03.2007

Release med mykje attåt

Sleppfesten på plata til Kloster har mange gledd seg til, ikkje minst medlemmane i bandet. Laurdag var endeleg den store dagen komen, det skjedde på Vift, og dei vart varma opp for av Ingjerd Østrem, eller Moi som er artistnamnet hennar, og Lucky Lew, noko som gav publikum mykje ulikt å gle seg over.
les meir >>
Jorun Larsen den 11.02.2007

-Eit fantastisk arrangement!

Orda til Geir Yven tydar på at rockeklubben er godt fornøgd med Ungdomsrock 2007 under årets kulturfestival. Rundt 100 ungdommer hadde tatt seg turen til Vift for å sjå ungdomsprodusert rock av høg kvalitet.
les meir >>
Mari Johannessen den 09.02.2007

Kvinnherad Kulturfestival 2007

Under årets kulturfestival slår rockeklubben til med heile tre arrangement.

les meir >>
Geir Yven den 30.01.2007

Kvinnherad Kulturfestival: Lucky Lew

Det bergenske rockebandet Lucky Lew entrar scena like før platelanseringskonserten til Kloster , som ein kan få med seg laurdag 10. februar under Kvinnherad kulturfestival.
les meir >>
Mari Johannessen den 28.01.2007

Innkalling til ekstraordinær generalforsamling

Grunna den økonomiske situasjonen som oppstod i samband med årets festival vert det kalla inn til ekstraordinær generalformsamling for medlemmane i Rockeklubben HUSNES.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 08.09.2006

Husnesrock-06: Foreløpig status

Årets HUSNESROCK hadde det største og breiaste musikalske programmet nokon gang gjennom festivalens historie. Allikavel uteblei publikum. Kvifor?
les meir >>
den 01.08.2006

Objektivt nok –ein jævlig bra konsertkveld!

Vel etter det folkerike familiearrangementet var avslutta laurdag, byrja kveldens konsertar. Fyrst ut var Novocaine, etterfylgd av Jamt. Begge banda hadde hatt konsertar tidlegare under Husnesrock, men oppmøtet var ikkje noko å skryta av nokon av gongane dei opptredde. Sjølv om vêret var topp og alt låg til rette for at folk skulle koma seg til hamna, let dei fleste vente på seg til seint på kvelden.
les meir >>
Jorun Larsen den 30.07.2006

Siste 10 artiklar:
23.05.2010 - Rammsund
07.05.2010 - Konsert 2010
20.04.2010 -
30.03.2010 - Påskerock-10
30.03.2010 - konsert
22.03.2010 - Diverse
22.02.2010 - Temakveld
17.02.2010 - Konsertar
12.02.2010 - Kvinnherad Kulturfestival
02.02.2010 - Frivillig
Kontakt oss:
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNES

Tlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no
Kontonr:  3460.11.76949
Org.nr:  889 750 332


annonse:
vil du annonsere her ?

Kven er vi:
Styret
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post / sponsor
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking
Presse
Jorun Larsen
Mob:
913 98 512
E-post:
promo
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar

annonse:
besøk vårdal informasjonsteknologi

Visste du at:
...Det første arrangementet vårt var Jam-Session 29. Mai 2003

annonse:
vil du annonsere her ?

(c) - innhald - 2004 Rockeklubben HUSNES [epost]