Rockeklubben HUSNES
[ Søk i Husnesrock.no:
Meny:

Mailingliste:
EPost-adresse
 
Meld inn
Meld ut


Dagens sitat:
Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne

Folksamt og fint

Publisert: 25.01.2010 - Sist endra: 25.01.2010
Fredagkveld, country, dans og goood stemning. Kort oppsummering av Rockeklubbens første arrangement i år.


Med steike dyktige artistar, slo me eit slag for countryglade publikummarar førre fredag. Det var ikkje vanskeleg å sjå at eit slikt arrangement var etterlengta, og straks musikken strauma ut or høgtalarane baud herrene kvinnene sine opp til dans. Vakkert!


Og der låg lista for kveldens stemning - det vart timar med god musikk etter folkets øyre, og artistane naut responsen som var å henta. Me må kalla det for ein suksess, ingen tvil.


Først og sist ut var Sussi Bodin med band, som diska opp med både rolige og futtige låtar frå kjende artistar. I eit virrvarr av instrument klimpra dei seg gjennom to sett fulle av publikumsfavorittar. Ein skal vel ikkje sjå bort frå at dei kjem tilbake ved ein seinare anledning!






Ein får mest sansynleg høyra meir til Renate Haugs Madsgård ved seinare anledningar også. Med både eigne låtar og coverlåtar drog ho publikum ut på dansegolvet, og i tillegg til å underholda med vakker song og gitarspeling, førte ho også ein god dialog med fansen. Med si hese countrystemme og smilande nærvær fridde ho absolutt til føreventnadane.


Me i Rockeklubben er stort nøgde med countrytema som start på tjueti, og slår til med meir i samme gata til konserten, under Kulturfestivalen, 12.februar. Stay tuned og kom for all del attende for meir dans og moro!  








































Skriv ut Jorun Larsen
Relaterte artiklar:
18.01.2010 - Temakveld

Hasst nicht RAMMSUND!

Rammsund vitja Husnes fredag kveld, og la seg lett inn i rekka av sjukt gode musikkopplevingar til no denne våren. Fleire av publikummarane tok Rammsundkonserten som ei oppvarming til Rammstein kjem til Noreg, og ei feit oppvarming vart det. Fleire av dei oppmøtte hadde allereie lært seg tekstane på nynorsk og skreik med til Gråbein (vokalisten) sine tunge strofer. Resten av gjengen såg ut til å vera kjend med det tyske moderbandet og stemte i so godt dei kunne, både i brøl og headbang.

Bandet, som skal setja pyrorekord på Rockefeller til hausten, stillte med ei beskjeden røykmaskin på vetle Capri, men stemninga vart likevel sett til ein plass i toppsjiktet. Dei unge herrene tente gnistar likevel. Pyro nok for meg. Hjarta mitt brenn. Dette var rått.

les meir >>
Jorun Larsen den 23.05.2010

RAMMSUND!

RAMMSUND vitjar Husnes 21.mai og me inviterer hermed til rockeklubbens
siste arrangement før sommaren. Hurra!

Rammsund er det
nynorske barnet av tyske Rammstein. I fleire år har gutane ved hjelp at
noregs mållag oversett tekstar og spesialisert seg på feite
pyroeffektar, samstundes som dei denger laus på same
industriellmetallmåte som modergruppa. Dette er altså råare enn du trur.

No
har dei tenkt å svippa innom Kvinnherad for å gje oss ei kjær innføring
i kva heltane frå Tyskland eigentleg syng, før dei stikk vidare mellom
anna for å opna Norway Rock Festival i Kvinesdal 7.juli. Feitt!

Av
lukkelege grunnar er det 18års grense denne kvelden, og billettar vert
straks lagt ut til førehandssal - eg kjem tilbake med eksakt info når
den dagen kjem. STAY TUNED!


les meir >>
Jorun Larsen den 07.05.2010


annonse:

DAGENS DOBBEL

Tradisjon tru har Rockeklubben Husnes påskearrangement. Me forlenger langfredag med ein lystig dobbelkonsert med eit knippe lokale artistar.

Litle Big Sam er kveldens veteranar å døma, etter mange år som lokale heltar i musikkmiljøet i Kvinnherad. Det er Samson Røyrvik som stiller på eksplosiv vokal og gruppa er kjend for å få futt i publikum. Med coverlåtar av mellom andre AC/DC og Dumdum Boys byr dei på både rølp og feit musikk.

5ft7 kjem også til å bidra med feit musikk denne kvelden, berre på sin eigen måte. Gruppa musiserer i grenselandet mellom ponnipønk og traktorboogie, der fellesnemnaren er silorock. Med den livlege og entusiastiske Daniel Skibenes i front blir nok publikum eit lett byte dette årets langfredag.

Billettar vert selt i døra, staden er Capri. Vel møtt!


CC: 150,-
ALDER: 18år

les meir >>
Jorun Larsen den 30.03.2010


annonse:

Eg vet ka du e hypp på!

Fredag kveld leverte Bjørn Hellfuck ei konsertoppleving som seint vil gløymast på Husnes.

Bergensbandet, som er kjent for å levera pikante grisetekstar og rolpete rock, fekk oppleva eit sveitt og engasjert publikum denne kvelden. Dei unge kvinnheringane var absolutt i fleirtal, og det såg ut til at dei fleste hadde gjort heimeleksa si i forkant av konserten, og song med på sviske etter sviske, ispedd nokre skålar og tilrop av typen ESSEMUS og SNABBSNABBSNABB! Vakkert.

Dei maskerte rockarane såg ut til å elska responsen, men måtte etter kvart be gjestene roa seg ned, - Bare ta det med ro. Vi e her alle for å kose oss, e vi isje?! ropte hellfucken sjølv då det vart vel mykje knuffing blant publikum. That's rock & roll!

Konserten var utseld i førekant av arrangementet, og me har aldri opplevd liknande tilstandar på Capri tidlegare. Vilt. Dette er tydeleg eit fenomen Kvinnherads ungdom er hypp på. Rockeklubben Husnes traff ein soleklar blink denne gongen.

les meir >>
Jorun Larsen den 30.03.2010


annonse:

Saint Patric's Day!

Rockeklubben HUSNES er klare for å feira Saint Patric's Day. Me skapar vår eigen irske feiring på Capri, fredag 19.mars.

I mellom anna USA, Storbritannia og Irland er det tradisjon å kle seg i grønt denne dagen (jaja, 17.mars er den ekte datoen - me tar det den 19.). Ved feiringa møtes irar rundt om i heile verda for å feira skytshelgenen deira, og festar med øl og musikk. Det tykkjer me er god tradisjon, og slår eit slag for den irske nasjonaldagen.

Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga denne kvelden. Gruppa består av erfarne og dyktige musikarar; Magne Røstbø i front på vokal og gitar, Frode kaldestad stiller med trekkspel, fløyte og tangentar, Jan Arthur Kalsaas på slagverk, John Larsen på bass og Egil Vaage stiller med fele og mandola.

Gjengen hentar inspirasjon frå den irske folkemusikken og Dubliners, men drar også i gong anna rootsmusikk. Det er duka for ei heilafta på Capri. Ta del i folkefesten du og!

Alder: 20år

les meir >>
Jorun Larsen den 22.02.2010

Bjørn Hellfuck

BJØRN HELLFUCK kjem til Husnes 26.mars, ein god månad etter platesleppet av den mykje kritiserte plata INNFORJÆVLIG. Eit plateslepp som forøvrig vart ein feit suksess, med 1500 selte billettar, altså utselt, i Peer Gynt-salen i byn.

Det maskerte bandet leverer tekstar frå under beltestaden, servert på storkjefta bergensvis. Hellfuck har vert eit voksande fenomen sidan dei vart oppdaga på URØRT i 2007, og har blitt akseptert på riksdekkande radio, ja - faktisk klint til brystet av P3, med mellom anna låta KRABBEKLO.

Med sin sexrocka image kjem dei altså til HUSNES for å spre det uhøgtidlege budskap om alt som rører seg i underlivet. Om å vera bøg, om pissen og fisting og mensen og andre innforjævlige tema. Det er med andre ord klart for tidenes allsang i Kvinnherad. Fis på deg kjolen og reserver ein billett i dag. Capri har, som kjent, andre dimmensjonar enn Peer Gynt-salen, og tar berre 150 vakre menneske i slengen.

BILLETTAR kan reserverast ved å sms'a Geir Yven; 99417856, OG dei ligg allereie no klare til kjøp på STATOIL, Husnes og PLAYCOM, Husnes Storsenter.

Dørene opnar 22.00
Pris: 200 spenn
Stad: Capri
Alder: 18

les meir >>
Jorun Larsen den 17.02.2010

Country på Capri

Me startar nyåret med ein ny temakveld på Capri. Denne gongen vert det COUNTRY for alle penga, fredag 22.januar!



les meir >>
Jorun Larsen den 18.01.2010

Fryd, latter og glede!

Tysdag var dagen me hadde venta på. Bill Wyman og The Rythm Kings entra scena i kinosalen i kulturhuset. Tidenes konsert i kommunen vil eg sei! Ord er vel overflødige når det gjeld å gjenfortelja – ein burde ha vore der og smakt på stemninga for å fatta kor bra det faktisk var.
les meir >>
Jorun Larsen den 19.09.2007

Og vinnarane er....

Me er no inne i siste sving før Bill Wyman konserten set i gong neste veke. Gleda er stor både blant arrangørane og kommande publikummarar. Men nokon har enno meir fryd i vente. Det er på tide å annonsera kven dei heldige vinnarane av to gratisbillettar er!

les meir >>
Jorun Larsen den 09.09.2007

Bill til Wyman

På mandag startar billettsalet til Bill Wyman konserten som er 18. september. Litt på etterskot av det me først gjekk ut med, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Etterspurnaden etter billettar har allereie vore temmeleg stor, så her gjeld det å vera tidleg ute!

Det blir råd å kjøpe billettar i SpareBank1 sine avdelingar på Stord, Husnes, Rosendal og Odda.
Det vil og bli lagt ut billettar på Billettservice, noko som vil sei at billettar kan kjøpast på det lokale postkontoret, www.billettservice.no eller tlf 815 33 133


les meir >>
Jorun Larsen den 14.07.2007

Førstemann til mølla

Godaste Bill skal også spela andre stader i landet under noregsturneen. Blant anna i Mosjøen, 29. september. Billettane vart lagt ut for sal 25.mai, og etterspurnaden var stor for dei beste plassane. Etter berre tretti minutt var det selt 200 billettar.
les meir >>
Jorun Larsen den 28.05.2007

Legendariske Bill Wyman til Husnes!


18. september brakar det laus med intim storkonsert i kinosalen i kulturhuset på Husnes. Ingen ringare enn Bill Wyman og The Rhythm Kings skal underhalda fansen på vestlandet. Rockeklubben har klart å få rockaren eksklusivt til vestlandet, så her kjem det nok mange frå både nord og sør.


les meir >>
Jorun Larsen (og Tor Jørgen Sætrevik) den 21.05.2007

Lucky Lew -snart ny plate!

Bergensbandet Lucky Lew, som opptrådte under årets Husnesrock, skal 6. oktober ha sleppfest for den nye plata si "Hello Miss Devine" på Garage i Bergen. Dei ynskjer vener og fans velkomen.
les meir >>
Jorun Larsen den 27.08.2006

Terje Frigaard med sleppefest på Vift

Terje Frigaard, tidlegare kjent som Terje Vevatne, kjem til Husnes med fullt band og skal ha ein releasekonsert på Vift på Langfredag.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 13.04.2006

Kulturfestival: Bookhouse

Rockeklubben er stolte over å ha fått tak i bandet Bookhouse til å spele for oss på laurdag den 11. februar under Kvinnherad Kulturfestival.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 24.01.2006

Bigbang artikkel i Grenda 27. aug 2005

Grenda var på konserten og skreiv ein artikkel som vart publisert den 27.aug 2005
les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.08.2005

Fenomenal liveopptreden av Greni & co

Torsdag kveld var det endeleg dagen for Rockeklubben si storsatsing på Vift, sensasjonen Big Bang. Aldersgrensa på arrangementet var sett ned til 16 år, og det gjorde nok sitt til at det vart så mykje liv. Allereie før bandet entra lokalet stod dei nysgjerrige ungdommane klistra framføre scena.
les meir >>
Jorun Larsen den 26.08.2005

The best have yet to come..

No er festivalen over. Blodslitet er over. No kan me sola oss i glansen av ei fenomenal helg, rocken sildrar enno gjennom blodet og alle er nøgde med innsatsen. Endeleg tid til å lena seg attende og slappa av.

NEIDA!! Rockeklubben gjer seg aldri, og no er det ny storsatsing på Vift. Torsdag, 25. august kjem ingen andre enn Big Bang til Husnes. Rocken lenge leve!
les meir >>
Jorun Larsen den 05.08.2005

Surprise på seinsommaren

Alle har høyrt dei. Frå undergrunnsband til velrenommert label og tilbake. 12 utgjevingar og uttallige konsertar over heile landet og utlandet med.
Kven det er?
Les artikkelen og finn ut.
les meir >>
webmaster den 31.05.2005

Emmerhoff gav alt

Etter at konserten var over fekk Rockeklubben HUSNES tilbakemelding frå fleire av gjestene om at dette var stort. Kanskje noko av det beste dei hadde høyrt på lenge frå scena på Vift.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 07.03.2005

Emmerhoff and the Melancholy Babies

Ei av dei skjulte skattane i Noreg er Emmerhoff and the Melancholy Babies. Laurdag 5. mars kjem dei til Husnes og Rockeklubben HUSNES.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 28.02.2005

Flott levert Gåte

Det var ikkje noko småtteri vi hadde fått på scena denne kvelden. I si relativt korte karriere har dei bygd opp ei lang merittliste som inneheld nominasjonar til diverse prisar, fleire singlar, EP'ar og CD'ar. Det siste er landeplaga som herjar i ulike etermedia; "Sjå attende".
les meir >>
Svein A. Vårdal den 15.02.2005

Gåte 12. februar

Rockeklubben HUSNES kan stolt få melde om at vi har klart å få tak i ei av dei heitaste gruppene i Noreg for tida. Laurdag 12. februar slår vi til med landskjende Gåte på Store Vift.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 02.02.2005

Mike Gallaher Trio - 29.04.2004

Den amerikanske gitaristen Mike Gallaher har med seg to av Bergens fremste utøvarar innan rytmisk musikk. Denne kvelden vil dei presentera eit program med stor spennvidde.
les meir >>
den 25.04.2004

Tuco's Lounge 29.01.2004

(Prerelease: Mexican Standoff)

Etter eit halvt år med godt oppmøte ville vi gje litt ekstra tilbake til vårt trofaste publikum.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.02.2004

Siste 10 artiklar:
23.05.2010 - Rammsund
07.05.2010 - Konsert 2010
20.04.2010 -
30.03.2010 - Påskerock-10
30.03.2010 - konsert
22.03.2010 - Diverse
22.02.2010 - Temakveld
17.02.2010 - Konsertar
12.02.2010 - Kvinnherad Kulturfestival
02.02.2010 - Frivillig
Kontakt oss:
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNES

Tlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no
Kontonr:  3460.11.76949
Org.nr:  889 750 332


annonse:
vil du annonsere her ?

Kven er vi:
Styret
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post / sponsor
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking
Presse
Jorun Larsen
Mob:
913 98 512
E-post:
promo
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar

annonse:
besøk vårdal informasjonsteknologi

Visste du at:
...Husnesrocken feira seg sjølv i 1995 og hadde då eit 30-års jubileum med ein maratonkonsert i Husneshallen. Kvelden vart avslutta med ein konsert med Divin Ducks på Husnes Hotell

annonse:
vil du annonsere her ?

(c) - innhald - 2004 Rockeklubben HUSNES [epost]