Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne |
|
 |
 |
Heilafta i møtePublisert: 17.11.2009 - Sist endra: 17.11.2009
Førstkomande fredag vert det ei heilafta utan like på Capri. Oslobandet Focolift kjem attende for å funka opp Husnes, og Kobayashi stiller med sin mørke stonerrock. Det vert tenna i veggen.
|
|
FOCOLIFT har gjesta kommunen opp til fleire gonger, med første besøk under Husnesrock i 2006. Frå den sumaren har dei reist over fjellet med jamne mellomrom for å spre sin lystige funkrock til den ganske kvinnhering. Focolift er kremen på kaka. Rosiner i grauten. Livet hadde ikkje vore det same utan. No er dei snart på veg over fjellet att, til rockeklubbens og publikums fryd. Dersom det er nokon i vår langstrekte kommune som enno ikkje har fått øyrene opp for Focolift, er dette ein absolutt unik sjanse til å oppleva eit undergrunnsfunkband av dei sjeldne. Capri er som sagt staden. Sjekk dei ut her; http://www.myspace.com/focolift Og som det ikkje var plenty å servera på ein småkjølig haustkveld - KOBAYASHI skal også entra scena i løpet av kvelden. MAX! Med sin stonerinfluerte rock skal dei igjen banga heads mellom brune element på Capri. Sjølv om berre to av medlemmane kjem frå Kvinnherad, har me tatt dei inn i våre mørke rockehjarter som våre eigne - også dei frå byn. Gutta har blitt oppdaga av internasjonalen dette året, og er med på to samleplater, henhaldsvis i Amerika og Japan. Heilt greie marked å koma inn på, men dei har enno ikkje mista bakkekontakten. Framleis er dei seige og psykedelliske i sitt uttrykk, og lovar som alltid show og enorm speleglede når dei skal dela scene med Focolift. Sjekk dei ut her; http://www.myspace.com/listentokobayashiMe treng vel ikkje gni inn at dette blir FETT, og at det er ein av årets absolutte høgdepunkt på konserthimmelen her i kommunen (men det blir det sjølvsagt). Ta på deg grilldressen og trø opp i bootsa og kom! Dørene opnar 22.00 Billettar vert selt i døra, 200,-Aldersgrense 20 år |
Dette visdomsordet kan ein også nytta i høve BART-konsert. På underleg vis klarar Jumbo Johnny og Don Pedro ALLTID å skapa elleville tilstandar. Det smittar over på fænsen. FOR ein vellykka kveld det vart førre fredag! Hell jes! les meir >>
Jorun Larsen den 03.11.2009
|
|
Rockeklubben HUSNES slår eit slag for folkets favorittar denne hausten, og ein av godbitane i 2009 er Bart, som kjem for å rocka opp Capri førstkomande fredag. Me snakkar ein ekte RockOff 5460 med musikk sånn som ungdommen lika. les meir >>
Jorun Larsen den 27.10.2009
|
|
annonse:
|
Fredag spelte Bluebones på Capri. Dei lokale heltane laga stor stemning og serverte ei fabelaktig god konsertoppleving!
les meir >>
Jorun Larsen den 12.10.2009
|
|
annonse:
|
Det er endeleg klart for ein ny sesong med hefige kveldar på Capri. Først ut serverer me lokal, rocka og omgjengeleg blues, fredag 9.oktober! les meir >>
Jorun Larsen den 21.09.2009
|
|
annonse:
|
Fredag, 1.mai, prisar Rockeklubben HUSNES våren med irsk musikk på Capri. Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga.
les meir >>
Jorun Larsen den 28.04.2009
|
|
Påskeafta var det stille i gatene i Kvinnherad. Alle var nemleg på Påskerocken på Capri. Hell Yeah!
les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009
|
|
På laurdag skal Rockeklubben Husnes gje kvinnheringane ei ny rocka oppleving, med ÖlleBöll konsert på Capri. les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009
|
|
Det er snart påske, og Rockeklubben har sjølvsagt ein godbit og to på lur til alle dykk som vil ha meir enn marsipan å kosa seg med på påskeafta.
les meir >>
Jorun Larsen den 16.03.2009
|
|
Tysdag var dagen me hadde venta på. Bill Wyman og The Rythm Kings entra scena i kinosalen i kulturhuset. Tidenes konsert i kommunen vil eg sei! Ord er vel overflødige når det gjeld å gjenfortelja – ein burde ha vore der og smakt på stemninga for å fatta kor bra det faktisk var. les meir >>
Jorun Larsen den 19.09.2007
|
|
Me er no inne i siste sving før Bill Wyman konserten set i gong neste veke. Gleda er stor både blant arrangørane og kommande publikummarar. Men nokon har enno meir fryd i vente. Det er på tide å annonsera kven dei heldige vinnarane av to gratisbillettar er!
les meir >>
Jorun Larsen den 09.09.2007
|
|
På mandag startar billettsalet til Bill Wyman konserten som er 18. september. Litt på etterskot av det me først gjekk ut med, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Etterspurnaden etter billettar har allereie vore temmeleg stor, så her gjeld det å vera tidleg ute!
Det blir råd å kjøpe billettar i SpareBank1 sine avdelingar på Stord, Husnes, Rosendal og Odda.
Det vil og bli lagt ut billettar på Billettservice, noko som vil sei at billettar kan kjøpast på det lokale postkontoret, www.billettservice.no eller tlf 815 33 133
les meir >>
Jorun Larsen den 14.07.2007
|
|
Godaste Bill skal også spela andre stader i landet under noregsturneen. Blant anna i Mosjøen, 29. september. Billettane vart lagt ut for sal 25.mai, og etterspurnaden var stor for dei beste plassane. Etter berre tretti minutt var det selt 200 billettar. les meir >>
Jorun Larsen den 28.05.2007
|
|
18. september brakar det laus med intim storkonsert i kinosalen i kulturhuset på Husnes. Ingen ringare enn Bill Wyman og The Rhythm Kings skal underhalda fansen på vestlandet. Rockeklubben har klart å få rockaren eksklusivt til vestlandet, så her kjem det nok mange frå både nord og sør.
les meir >>
Jorun Larsen (og Tor Jørgen Sætrevik) den 21.05.2007
|
|
Bergensbandet Lucky Lew, som opptrådte under årets Husnesrock, skal 6. oktober ha sleppfest for den nye plata si "Hello Miss Devine" på Garage i Bergen. Dei ynskjer vener og fans velkomen. les meir >>
Jorun Larsen den 27.08.2006
|
|
Terje Frigaard, tidlegare kjent som Terje Vevatne, kjem til Husnes med fullt band og skal ha ein releasekonsert på Vift på Langfredag. les meir >>
Svein A. Vårdal den 13.04.2006
|
|
Rockeklubben er stolte over å ha fått tak i bandet Bookhouse til å spele for oss på laurdag den 11. februar under Kvinnherad Kulturfestival. les meir >>
Svein A. Vårdal den 24.01.2006
|
|
Grenda var på konserten og skreiv ein artikkel som vart publisert den 27.aug 2005 les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.08.2005
|
|
Torsdag kveld var det endeleg dagen for Rockeklubben si storsatsing på Vift, sensasjonen Big Bang. Aldersgrensa på arrangementet var sett ned til 16 år, og det gjorde nok sitt til at det vart så mykje liv. Allereie før bandet entra lokalet stod dei nysgjerrige ungdommane klistra framføre scena. les meir >>
Jorun Larsen den 26.08.2005
|
|
No er festivalen over. Blodslitet er over. No kan me sola oss i glansen av ei fenomenal helg, rocken sildrar enno gjennom blodet og alle er nøgde med innsatsen. Endeleg tid til å lena seg attende og slappa av.
NEIDA!! Rockeklubben gjer seg aldri, og no er det ny storsatsing på Vift. Torsdag, 25. august kjem ingen andre enn Big Bang til Husnes. Rocken lenge leve! les meir >>
Jorun Larsen den 05.08.2005
|
|
Alle har høyrt dei. Frå undergrunnsband til velrenommert label og tilbake. 12 utgjevingar og uttallige konsertar over heile landet og utlandet med.
Kven det er?
Les artikkelen og finn ut. les meir >>
|
Etter at konserten var over fekk Rockeklubben HUSNES tilbakemelding frå fleire av gjestene om at dette var stort. Kanskje noko av det beste dei hadde høyrt på lenge frå scena på Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 07.03.2005
|
|
Ei av dei skjulte skattane i Noreg er Emmerhoff and the Melancholy Babies. Laurdag 5. mars kjem dei til Husnes og Rockeklubben HUSNES. les meir >>
Svein A. Vårdal den 28.02.2005
|
|
Det var ikkje noko småtteri vi hadde fått på scena denne kvelden. I si relativt korte karriere har dei bygd opp ei lang merittliste som inneheld nominasjonar til diverse prisar, fleire singlar, EP'ar og CD'ar. Det siste er landeplaga som herjar i ulike etermedia; "Sjå attende". les meir >>
Svein A. Vårdal den 15.02.2005
|
|
Rockeklubben HUSNES kan stolt få melde om at vi har klart å få tak i ei av dei heitaste gruppene i Noreg for tida. Laurdag 12. februar slår vi til med landskjende Gåte på Store Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 02.02.2005
|
|
Den amerikanske gitaristen Mike Gallaher har med seg to av Bergens fremste utøvarar innan rytmisk musikk. Denne kvelden vil dei presentera eit program med stor spennvidde. les meir >>
|
(Prerelease: Mexican Standoff)
Etter eit halvt år med godt oppmøte ville vi gje litt ekstra tilbake til vårt trofaste publikum. les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.02.2004
|
|
|
 |
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNESTlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no |
Kontonr: | | 3460.11.76949 | |
Org.nr: | | 889 750 332 |
|
annonse:
|
|
Styret |
 |
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post /
sponsor |
 |
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald |
 |
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking |
 |
Presse
Jorun Larsen
Mob: 913 98 512
E-post: promo |
 |
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk |
 |
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom |
 |
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar |
annonse:
|
|
...Det første arrangementet vårt var Jam-Session 29. Mai 2003
|
annonse:
|
|