Rockeklubben HUSNES
[ Søk i Husnesrock.no:
Meny:

Mailingliste:
EPost-adresse
 
Meld inn
Meld ut


Dagens sitat:
Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne

Irsk på Capri

Publisert: 28.04.2009 - Sist endra: 19.01.2010
Fredag, 1.mai, prisar Rockeklubben HUSNES våren med irsk musikk på Capri. Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga.
Irish Stew består av erfarne musikarar; Magne Røstbø i front på vokal og gitar, Frode kaldestad stiller med trekkspel, fløyte og tangentar, Jan Arthur Kalsaas bak slagverket, John Larsen er bassist og Egil Vaage stiller med fele og mandola.

Gjengen hentar inspirasjon frå den irske folkemusikken og Dubliners, men drar også i gong anna rootsmusikk. Soleis seier det seg sjølv at musikken som vert å høyra på Capri denne fredagen høver til dans, og gutane seier sjølv at dei stiller med fengjande gladmusikk som passar for alle lystige lag.

Aldersgrensa denne kvelden er 20 år, og dørene opnar klokka ni. Billettar til 150 blanke per stk vil bli seld i døra. Vel møtt!
Skriv ut Jorun Larsen

Heilafta i møte

Førstkomande fredag vert det ei heilafta utan like på Capri. Oslobandet Focolift kjem attende for å funka opp Husnes, og Kobayashi stiller med sin mørke stonerrock. Det vert tenna i veggen.

les meir >>
Jorun Larsen den 17.11.2009

Den beste bør ein ber i bakkjen er åvdrykk med øl

Dette visdomsordet kan ein også nytta i høve BART-konsert. På underleg vis klarar Jumbo Johnny og Don Pedro ALLTID å skapa elleville tilstandar. Det smittar over på fænsen. FOR ein vellykka kveld det vart førre fredag! Hell jes!

les meir >>
Jorun Larsen den 03.11.2009


annonse:

BART er tilbake!

Rockeklubben HUSNES slår eit slag for folkets favorittar denne hausten, og ein av godbitane i 2009 er Bart, som kjem for å rocka opp Capri førstkomande fredag. Me snakkar ein ekte RockOff 5460 med musikk sånn som ungdommen lika.


les meir >>
Jorun Larsen den 27.10.2009


annonse:

Stor stemning

Fredag spelte Bluebones på Capri. Dei lokale heltane laga stor stemning og serverte ei fabelaktig god konsertoppleving!

les meir >>
Jorun Larsen den 12.10.2009


annonse:

Bluebones

Det er endeleg klart for ein ny sesong med hefige kveldar på Capri. Først ut serverer me lokal, rocka og omgjengeleg blues, fredag 9.oktober!
les meir >>
Jorun Larsen den 21.09.2009

Full fres!

Påskeafta var det stille i gatene i Kvinnherad. Alle var nemleg på Påskerocken på Capri. Hell Yeah!

les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009

ÖlleBöll på Capri

På laurdag skal Rockeklubben Husnes gje kvinnheringane ei ny rocka oppleving, med ÖlleBöll konsert på Capri.


les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009

Klart for påskerock

Det er snart påske, og Rockeklubben har sjølvsagt ein godbit og to på lur til alle dykk som vil ha meir enn marsipan å kosa seg med på påskeafta.



les meir >>
Jorun Larsen den 16.03.2009

Fryd, latter og glede!

Tysdag var dagen me hadde venta på. Bill Wyman og The Rythm Kings entra scena i kinosalen i kulturhuset. Tidenes konsert i kommunen vil eg sei! Ord er vel overflødige når det gjeld å gjenfortelja – ein burde ha vore der og smakt på stemninga for å fatta kor bra det faktisk var.
les meir >>
Jorun Larsen den 19.09.2007

Og vinnarane er....

Me er no inne i siste sving før Bill Wyman konserten set i gong neste veke. Gleda er stor både blant arrangørane og kommande publikummarar. Men nokon har enno meir fryd i vente. Det er på tide å annonsera kven dei heldige vinnarane av to gratisbillettar er!

les meir >>
Jorun Larsen den 09.09.2007

Bill til Wyman

På mandag startar billettsalet til Bill Wyman konserten som er 18. september. Litt på etterskot av det me først gjekk ut med, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.

Etterspurnaden etter billettar har allereie vore temmeleg stor, så her gjeld det å vera tidleg ute!

Det blir råd å kjøpe billettar i SpareBank1 sine avdelingar på Stord, Husnes, Rosendal og Odda.
Det vil og bli lagt ut billettar på Billettservice, noko som vil sei at billettar kan kjøpast på det lokale postkontoret, www.billettservice.no eller tlf 815 33 133


les meir >>
Jorun Larsen den 14.07.2007

Førstemann til mølla

Godaste Bill skal også spela andre stader i landet under noregsturneen. Blant anna i Mosjøen, 29. september. Billettane vart lagt ut for sal 25.mai, og etterspurnaden var stor for dei beste plassane. Etter berre tretti minutt var det selt 200 billettar.
les meir >>
Jorun Larsen den 28.05.2007

Legendariske Bill Wyman til Husnes!


18. september brakar det laus med intim storkonsert i kinosalen i kulturhuset på Husnes. Ingen ringare enn Bill Wyman og The Rhythm Kings skal underhalda fansen på vestlandet. Rockeklubben har klart å få rockaren eksklusivt til vestlandet, så her kjem det nok mange frå både nord og sør.


les meir >>
Jorun Larsen (og Tor Jørgen Sætrevik) den 21.05.2007

Lucky Lew -snart ny plate!

Bergensbandet Lucky Lew, som opptrådte under årets Husnesrock, skal 6. oktober ha sleppfest for den nye plata si "Hello Miss Devine" på Garage i Bergen. Dei ynskjer vener og fans velkomen.
les meir >>
Jorun Larsen den 27.08.2006

Terje Frigaard med sleppefest på Vift

Terje Frigaard, tidlegare kjent som Terje Vevatne, kjem til Husnes med fullt band og skal ha ein releasekonsert på Vift på Langfredag.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 13.04.2006

Kulturfestival: Bookhouse

Rockeklubben er stolte over å ha fått tak i bandet Bookhouse til å spele for oss på laurdag den 11. februar under Kvinnherad Kulturfestival.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 24.01.2006

Bigbang artikkel i Grenda 27. aug 2005

Grenda var på konserten og skreiv ein artikkel som vart publisert den 27.aug 2005
les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.08.2005

Fenomenal liveopptreden av Greni & co

Torsdag kveld var det endeleg dagen for Rockeklubben si storsatsing på Vift, sensasjonen Big Bang. Aldersgrensa på arrangementet var sett ned til 16 år, og det gjorde nok sitt til at det vart så mykje liv. Allereie før bandet entra lokalet stod dei nysgjerrige ungdommane klistra framføre scena.
les meir >>
Jorun Larsen den 26.08.2005

The best have yet to come..

No er festivalen over. Blodslitet er over. No kan me sola oss i glansen av ei fenomenal helg, rocken sildrar enno gjennom blodet og alle er nøgde med innsatsen. Endeleg tid til å lena seg attende og slappa av.

NEIDA!! Rockeklubben gjer seg aldri, og no er det ny storsatsing på Vift. Torsdag, 25. august kjem ingen andre enn Big Bang til Husnes. Rocken lenge leve!
les meir >>
Jorun Larsen den 05.08.2005

Surprise på seinsommaren

Alle har høyrt dei. Frå undergrunnsband til velrenommert label og tilbake. 12 utgjevingar og uttallige konsertar over heile landet og utlandet med.
Kven det er?
Les artikkelen og finn ut.
les meir >>
webmaster den 31.05.2005

Emmerhoff gav alt

Etter at konserten var over fekk Rockeklubben HUSNES tilbakemelding frå fleire av gjestene om at dette var stort. Kanskje noko av det beste dei hadde høyrt på lenge frå scena på Vift.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 07.03.2005

Emmerhoff and the Melancholy Babies

Ei av dei skjulte skattane i Noreg er Emmerhoff and the Melancholy Babies. Laurdag 5. mars kjem dei til Husnes og Rockeklubben HUSNES.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 28.02.2005

Flott levert Gåte

Det var ikkje noko småtteri vi hadde fått på scena denne kvelden. I si relativt korte karriere har dei bygd opp ei lang merittliste som inneheld nominasjonar til diverse prisar, fleire singlar, EP'ar og CD'ar. Det siste er landeplaga som herjar i ulike etermedia; "Sjå attende".
les meir >>
Svein A. Vårdal den 15.02.2005

Gåte 12. februar

Rockeklubben HUSNES kan stolt få melde om at vi har klart å få tak i ei av dei heitaste gruppene i Noreg for tida. Laurdag 12. februar slår vi til med landskjende Gåte på Store Vift.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 02.02.2005

Mike Gallaher Trio - 29.04.2004

Den amerikanske gitaristen Mike Gallaher har med seg to av Bergens fremste utøvarar innan rytmisk musikk. Denne kvelden vil dei presentera eit program med stor spennvidde.
les meir >>
den 25.04.2004

Tuco's Lounge 29.01.2004

(Prerelease: Mexican Standoff)

Etter eit halvt år med godt oppmøte ville vi gje litt ekstra tilbake til vårt trofaste publikum.
les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.02.2004

Siste 10 artiklar:
23.05.2010 - Rammsund
07.05.2010 - Konsert 2010
20.04.2010 -
30.03.2010 - Påskerock-10
30.03.2010 - konsert
22.03.2010 - Diverse
22.02.2010 - Temakveld
17.02.2010 - Konsertar
12.02.2010 - Kvinnherad Kulturfestival
02.02.2010 - Frivillig
Kontakt oss:
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNES

Tlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no
Kontonr:  3460.11.76949
Org.nr:  889 750 332


annonse:
vil du annonsere her ?

Kven er vi:
Styret
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post / sponsor
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking
Presse
Jorun Larsen
Mob:
913 98 512
E-post:
promo
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar

annonse:
besøk vårdal informasjonsteknologi

Visste du at:
...Vår første konsert var med Jim Armstrong Band den 25. September 2003 på Vetle-Vift. Vi hadde då omlag 80 gjester innom.

annonse:
vil du annonsere her ?

(c) - innhald - 2004 Rockeklubben HUSNES [epost]