Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne |
|
 |
 |
ÖlleBöll på CapriPublisert: 14.04.2009 - Sist endra: 14.04.2009
På laurdag skal Rockeklubben Husnes gje kvinnheringane ei ny rocka oppleving, med ÖlleBöll konsert på Capri. |
|
Bandet består av Remi Sjo på slagverk, John Hidle på vokal/gitar og Åsmund Nesse på backingvokal/bass. Sist bandet var på Husnes var under Husnesrock08, og no ser dei fram til å spela der igjen. Musikken dei serverer er eksperimentell og melodiøs, og gutane har henta inspirasjon frå mange artistar både frå nyare og eldre tid. Mellom andre Muse, Genesis, The Beach Boys, Massive Attack og Portishead. Med så ulike influensar frå musikkverda, er det vanskeleg å beskriva musikken til ÖlleBöll, men at det er kult er ingen tvil om. Portisheadfans vil nok ikkje angra på å ta turen, for å sei det slik. Og heller ikkje andre som er ute etter ei god musikalsk oppleving! Som support stiller At Any Time, bandet frå Sunnhordland Folkehøgskule som vann vinterens Ungdomsrock. Etter dei vann konkurransen, fekk samtlege bandmedlemmar nyhenda om at dei var komen inn på Paul McCartney-skulen i Liverpool. Ein ettertrakta studieplass for lovande musikarar. Men først, eit gledeleg gjenhøyr på Husnes. At Any Time består av Nils Einar Hervig, Even Grimelid, Martin Berger og Joacim Røed. Billettar vert selt i døra til den nette sum av 150 blanke, og kan reserverast ved å ta kontakt med Geir Yven (sjå kontaktinfo i menyen til høgre). Aldersgrense 18år. |
Førstkomande fredag vert det ei heilafta utan like på Capri. Oslobandet Focolift kjem attende for å funka opp Husnes, og Kobayashi stiller med sin mørke stonerrock. Det vert tenna i veggen.
les meir >>
Jorun Larsen den 17.11.2009
|
|
Dette visdomsordet kan ein også nytta i høve BART-konsert. På underleg vis klarar Jumbo Johnny og Don Pedro ALLTID å skapa elleville tilstandar. Det smittar over på fænsen. FOR ein vellykka kveld det vart førre fredag! Hell jes! les meir >>
Jorun Larsen den 03.11.2009
|
|
annonse:
|
Rockeklubben HUSNES slår eit slag for folkets favorittar denne hausten, og ein av godbitane i 2009 er Bart, som kjem for å rocka opp Capri førstkomande fredag. Me snakkar ein ekte RockOff 5460 med musikk sånn som ungdommen lika. les meir >>
Jorun Larsen den 27.10.2009
|
|
annonse:
|
Fredag spelte Bluebones på Capri. Dei lokale heltane laga stor stemning og serverte ei fabelaktig god konsertoppleving!
les meir >>
Jorun Larsen den 12.10.2009
|
|
annonse:
|
Det er endeleg klart for ein ny sesong med hefige kveldar på Capri. Først ut serverer me lokal, rocka og omgjengeleg blues, fredag 9.oktober! les meir >>
Jorun Larsen den 21.09.2009
|
|
Fredag, 1.mai, prisar Rockeklubben HUSNES våren med irsk musikk på Capri. Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga.
les meir >>
Jorun Larsen den 28.04.2009
|
|
Påskeafta var det stille i gatene i Kvinnherad. Alle var nemleg på Påskerocken på Capri. Hell Yeah!
les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009
|
|
Det er snart påske, og Rockeklubben har sjølvsagt ein godbit og to på lur til alle dykk som vil ha meir enn marsipan å kosa seg med på påskeafta.
les meir >>
Jorun Larsen den 16.03.2009
|
|
Tysdag var dagen me hadde venta på. Bill Wyman og The Rythm Kings entra scena i kinosalen i kulturhuset. Tidenes konsert i kommunen vil eg sei! Ord er vel overflødige når det gjeld å gjenfortelja – ein burde ha vore der og smakt på stemninga for å fatta kor bra det faktisk var. les meir >>
Jorun Larsen den 19.09.2007
|
|
Me er no inne i siste sving før Bill Wyman konserten set i gong neste veke. Gleda er stor både blant arrangørane og kommande publikummarar. Men nokon har enno meir fryd i vente. Det er på tide å annonsera kven dei heldige vinnarane av to gratisbillettar er!
les meir >>
Jorun Larsen den 09.09.2007
|
|
På mandag startar billettsalet til Bill Wyman konserten som er 18. september. Litt på etterskot av det me først gjekk ut med, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Etterspurnaden etter billettar har allereie vore temmeleg stor, så her gjeld det å vera tidleg ute!
Det blir råd å kjøpe billettar i SpareBank1 sine avdelingar på Stord, Husnes, Rosendal og Odda.
Det vil og bli lagt ut billettar på Billettservice, noko som vil sei at billettar kan kjøpast på det lokale postkontoret, www.billettservice.no eller tlf 815 33 133
les meir >>
Jorun Larsen den 14.07.2007
|
|
Godaste Bill skal også spela andre stader i landet under noregsturneen. Blant anna i Mosjøen, 29. september. Billettane vart lagt ut for sal 25.mai, og etterspurnaden var stor for dei beste plassane. Etter berre tretti minutt var det selt 200 billettar. les meir >>
Jorun Larsen den 28.05.2007
|
|
18. september brakar det laus med intim storkonsert i kinosalen i kulturhuset på Husnes. Ingen ringare enn Bill Wyman og The Rhythm Kings skal underhalda fansen på vestlandet. Rockeklubben har klart å få rockaren eksklusivt til vestlandet, så her kjem det nok mange frå både nord og sør.
les meir >>
Jorun Larsen (og Tor Jørgen Sætrevik) den 21.05.2007
|
|
Bergensbandet Lucky Lew, som opptrådte under årets Husnesrock, skal 6. oktober ha sleppfest for den nye plata si "Hello Miss Devine" på Garage i Bergen. Dei ynskjer vener og fans velkomen. les meir >>
Jorun Larsen den 27.08.2006
|
|
Terje Frigaard, tidlegare kjent som Terje Vevatne, kjem til Husnes med fullt band og skal ha ein releasekonsert på Vift på Langfredag. les meir >>
Svein A. Vårdal den 13.04.2006
|
|
Rockeklubben er stolte over å ha fått tak i bandet Bookhouse til å spele for oss på laurdag den 11. februar under Kvinnherad Kulturfestival. les meir >>
Svein A. Vårdal den 24.01.2006
|
|
Grenda var på konserten og skreiv ein artikkel som vart publisert den 27.aug 2005 les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.08.2005
|
|
Torsdag kveld var det endeleg dagen for Rockeklubben si storsatsing på Vift, sensasjonen Big Bang. Aldersgrensa på arrangementet var sett ned til 16 år, og det gjorde nok sitt til at det vart så mykje liv. Allereie før bandet entra lokalet stod dei nysgjerrige ungdommane klistra framføre scena. les meir >>
Jorun Larsen den 26.08.2005
|
|
No er festivalen over. Blodslitet er over. No kan me sola oss i glansen av ei fenomenal helg, rocken sildrar enno gjennom blodet og alle er nøgde med innsatsen. Endeleg tid til å lena seg attende og slappa av.
NEIDA!! Rockeklubben gjer seg aldri, og no er det ny storsatsing på Vift. Torsdag, 25. august kjem ingen andre enn Big Bang til Husnes. Rocken lenge leve! les meir >>
Jorun Larsen den 05.08.2005
|
|
Alle har høyrt dei. Frå undergrunnsband til velrenommert label og tilbake. 12 utgjevingar og uttallige konsertar over heile landet og utlandet med.
Kven det er?
Les artikkelen og finn ut. les meir >>
|
Etter at konserten var over fekk Rockeklubben HUSNES tilbakemelding frå fleire av gjestene om at dette var stort. Kanskje noko av det beste dei hadde høyrt på lenge frå scena på Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 07.03.2005
|
|
Ei av dei skjulte skattane i Noreg er Emmerhoff and the Melancholy Babies. Laurdag 5. mars kjem dei til Husnes og Rockeklubben HUSNES. les meir >>
Svein A. Vårdal den 28.02.2005
|
|
Det var ikkje noko småtteri vi hadde fått på scena denne kvelden. I si relativt korte karriere har dei bygd opp ei lang merittliste som inneheld nominasjonar til diverse prisar, fleire singlar, EP'ar og CD'ar. Det siste er landeplaga som herjar i ulike etermedia; "Sjå attende". les meir >>
Svein A. Vårdal den 15.02.2005
|
|
Rockeklubben HUSNES kan stolt få melde om at vi har klart å få tak i ei av dei heitaste gruppene i Noreg for tida. Laurdag 12. februar slår vi til med landskjende Gåte på Store Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 02.02.2005
|
|
Den amerikanske gitaristen Mike Gallaher har med seg to av Bergens fremste utøvarar innan rytmisk musikk. Denne kvelden vil dei presentera eit program med stor spennvidde. les meir >>
|
(Prerelease: Mexican Standoff)
Etter eit halvt år med godt oppmøte ville vi gje litt ekstra tilbake til vårt trofaste publikum. les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.02.2004
|
|
|
 |
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNESTlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no |
Kontonr: | | 3460.11.76949 | |
Org.nr: | | 889 750 332 |
|
annonse:
|
|
Styret |
 |
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post /
sponsor |
 |
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald |
 |
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking |
 |
Presse
Jorun Larsen
Mob: 913 98 512
E-post: promo |
 |
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk |
 |
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom |
 |
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar |
annonse:
|
|
...Det første arrangementet vårt var Jam-Session 29. Mai 2003
|
annonse:
|
|