Jeg har vært på diskotek to ganger i mitt liv, og det er mitt bilde av helvete.
Ferdinand Finne |
|
 |
 |
Romjulsrock08 - staden å vera!Publisert: 22.12.2008 - Sist endra: 22.12.2008
Om ei lita veke er det atter klart for Rockeklubben Husnes sitt vante julearrangement. Årets romjulsrock har godbitane på rekke og rad. |
|
Søndag, 28.desember er dagen, og det heile skjer på Vift - som det plar. Rockeklubben lovar noko for ein kvar smak, då me har eit breitt knippe musikarar som skal delta.
Partystemning skal det bli, noko mellom andre Nils Trygve Markhus skal sørgja for. Han står på scena med store delar av Kobayashi, og saman skal dei dra gamle og nye sclägerar til både glede og allsong. Denne gruppa drog også i gong heisastemning under årets påskerock, og publikum vart fulle av kjærleik. Gutta på scena digga også det som skjedde, og har lenge gledd seg til å stå på scena saman igjen.
Den same delen av Kobayashi skal også backa opp rockeklubbens nyerverva ungdomsrepresentant - Tore Jacobsen. Unge Jacobsen stod sist på scena under 5460Ungdom på Capri, og synte at han har store evner både vokalt, instrumentalt og underhaldningsmessig. Rockeklubben ynskjer han hjartans inn i styret, og ser fram til litt show i romjula.
Little Big Sam er av dei meir røynde denne kvelden, og vil - som alltid - stå for fengjande musikk og enorm speleglede. Gutta vrengjer frå seg tøffe riff og godrock frå mellom andre ZZ Top, AC/DC og Dum Dum Boys. Det seier seg sjølv at dette blir digg.
Også det lovande ungdomsbandet In Motion entrar scena denne kvelden - og som me veit, vert dei berre betre og betre for kvar gong dei spelar. Bandet skriv eigne låtar i den litt tunge sjangeren, og me i rockeklubben spår dei ei svært lys framtid i musikkverda.
 Dette året stiller me igjen med husband, der bandet mellom anna har ein hyllest til Robert Burås - tidlegare frontfugur i My Midnight Creeps og gitarist i Madrugada. Etter at førstnemnde band spela på Husnesrock07, gjekk Burås bort, og har blitt hylla av musikk-Noreg i tida etter. Han vart rekna som eit musikalsk geni, i tillegg til ein kjernekar utan like - og var dermed eit stort tap for mange. Madrugada spela nyleg sine siste konsertar, grunna Burås' bortgong.
Husbandet består av eminente musikarar med tilknytting til kommunen; Tor Jørgen Sætrevik på gitar, Tor Bjarne Bjelland (Trucks/ Robert Post) bak slagverket, Bjørn Sturle Hillestad (Tuco's Lounge) på vokal og Frode Sæverud på keyboard.
Dørene opnar 22.00 Billettsal i døra Kr. 150,- / 120,- (medlemmar i Rockeklubben)
Vel møtt! |
Endeleg nærmar det seg jul. For med jula kjem også vår årlege romjulsrock! I fjor var det over 400 innbetalande, og me siktar mot stjernene også i år!
les meir >>
Jorun Larsen den 24.11.2008
|
|
Laurdagkveld braka det laus på Inside Live! i Bergen. Mhm. Kobayashi. Smuget utanfor føltes tettare og tettare til lenger ut i natta det bar, og i etterkant skjønar ein at det stemte - 120 innbetalande er høgst uvanleg på den intime rockepuben.
les meir >>
Jorun Larsen den 10.11.2008
|
|
annonse:
|
Laurdag, 8.november fartar Kobayashi til Bergen for å spela på Inside Live. Bandet har spelt der før - då som oppvarming for Lucky Lew.
Supportbandet, In Motion, har ikkje spelt for fuktige bergensarar enno, men har jo varma opp for mellom andre Quireboys, so dette bør bli bra.
les meir >>
Jorun Larsen den 31.10.2008
|
|
annonse:
|
3. oktober gjekk historias andre RockOff 5460 av staben, og me kan trygt sei at det vart ein suksess, også denne gongen. Mange unge og vaksne fann vegen til Capri denne kvelden, og det såg ut som dei kosa seg heile gjengen!
les meir >>
Jorun Larsen den 15.10.2008
|
|
annonse:
|
Fredag gjesta Kakkmaddafakka Vift, og leverte sakene til lukkelege publikumarar. Dansegolvet var ikkje fullt, men det vart dansa, og bandet sjarmerte kvar og ein av dei som hadde møtt opp.
les meir >>
Jorun Larsen den 19.08.2008
|
|
Kvar gong Kakkmaddafakka entrar scena sprett det fram elleville jenter som berre
må dansa. Det skjer i Bergen, det skjer
i Trondheim, det skjer i Oslo og no skjer det snart på Husnes! les meir >>
|
Bergensbandet Kakkmaddafakka kjem for å sprita opp Husnes, fredag 15. august! Staden er Vift. Fire unge menn er dermed oppskrifta på ein kul kveld!
les meir >>
Jorun Larsen den 24.07.2008
|
|
Hayseed Dixie var her. Og dei tok Kvinnherad med storm, nett slik me trudde. Cowboyhattane var på plass, publikum var på plass, og musikken var upåklageleg. For ein kveld! les meir >>
Jorun Larsen den 22.07.2008
|
|
Rockeklubben HUSNES har gått i samarbeid med Phantom Artist, og saman drar me lasset når det internajsonale festbandet Hayseed Dixie kjem til Husnes og Vift, 12. juli. Det er eitt av tre stopp i Noregs langstrekte, musikkelskande land. Fabelaktig! les meir >>
Jorun Larsen den 04.07.2008
|
|
Vår første Rock Off 5460 er i boks. Og me kan lett sei – med handa på hjarta, at dette gjekk rette vegen. Strålande.
les meir >>
Jorun Larsen den 25.05.2008
|
|
-Velkommen til trippelkonsert på Capri den 23. mai! Alle rockeklubbens vener er hjartans invitert, og i same slengen opnar me dørene også for naboar, familie, bekjente, fjerne slektningar og ukjente. les meir >>
Jorun Larsen den 23.04.2008
|
|
Tja, iallfall tørsten. Og vekker angsten (har eg høyrt). Men ein grepa kveld uansett. Med godt over 300 innbetalande, god musikk og heisastemning, kan me lett sjå attende på eventen som ein suksess. les meir >>
Jorun Larsen den 26.03.2008
|
|
Laurdag var det konsert på Vift. Lukestar tok publikum med storm. Den energiske og levande sceneopptreden overtyda underteikna om at dette faktisk er eit band som vil nå langt. Arrangøren må ha stål i magen for å arrangera eit sopass ukjent namn i kommunen, men det funka. O happy day! les meir >>
Jorun Larsen den 04.03.2008
|
|
Tysdag var dagen me hadde venta på. Bill Wyman og The Rythm Kings entra scena i kinosalen i kulturhuset. Tidenes konsert i kommunen vil eg sei! Ord er vel overflødige når det gjeld å gjenfortelja – ein burde ha vore der og smakt på stemninga for å fatta kor bra det faktisk var. les meir >>
Jorun Larsen den 19.09.2007
|
|
Me er no inne i siste sving før Bill Wyman konserten set i gong neste veke. Gleda er stor både blant arrangørane og kommande publikummarar. Men nokon har enno meir fryd i vente. Det er på tide å annonsera kven dei heldige vinnarane av to gratisbillettar er!
les meir >>
Jorun Larsen den 09.09.2007
|
|
På mandag startar billettsalet til Bill Wyman konserten som er 18. september. Litt på etterskot av det me først gjekk ut med, men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves.
Etterspurnaden etter billettar har allereie vore temmeleg stor, så her gjeld det å vera tidleg ute!
Det blir råd å kjøpe billettar i SpareBank1 sine avdelingar på Stord, Husnes, Rosendal og Odda.
Det vil og bli lagt ut billettar på Billettservice, noko som vil sei at billettar kan kjøpast på det lokale postkontoret, www.billettservice.no eller tlf 815 33 133
les meir >>
Jorun Larsen den 14.07.2007
|
|
Godaste Bill skal også spela andre stader i landet under noregsturneen. Blant anna i Mosjøen, 29. september. Billettane vart lagt ut for sal 25.mai, og etterspurnaden var stor for dei beste plassane. Etter berre tretti minutt var det selt 200 billettar. les meir >>
Jorun Larsen den 28.05.2007
|
|
18. september brakar det laus med intim storkonsert i kinosalen i kulturhuset på Husnes. Ingen ringare enn Bill Wyman og The Rhythm Kings skal underhalda fansen på vestlandet. Rockeklubben har klart å få rockaren eksklusivt til vestlandet, så her kjem det nok mange frå både nord og sør.
les meir >>
Jorun Larsen (og Tor Jørgen Sætrevik) den 21.05.2007
|
|
Bergensbandet Lucky Lew, som opptrådte under årets Husnesrock, skal 6. oktober ha sleppfest for den nye plata si "Hello Miss Devine" på Garage i Bergen. Dei ynskjer vener og fans velkomen. les meir >>
Jorun Larsen den 27.08.2006
|
|
Terje Frigaard, tidlegare kjent som Terje Vevatne, kjem til Husnes med fullt band og skal ha ein releasekonsert på Vift på Langfredag. les meir >>
Svein A. Vårdal den 13.04.2006
|
|
Rockeklubben er stolte over å ha fått tak i bandet Bookhouse til å spele for oss på laurdag den 11. februar under Kvinnherad Kulturfestival. les meir >>
Svein A. Vårdal den 24.01.2006
|
|
Grenda var på konserten og skreiv ein artikkel som vart publisert den 27.aug 2005 les meir >>
Svein A. Vårdal den 27.08.2005
|
|
Torsdag kveld var det endeleg dagen for Rockeklubben si storsatsing på Vift, sensasjonen Big Bang. Aldersgrensa på arrangementet var sett ned til 16 år, og det gjorde nok sitt til at det vart så mykje liv. Allereie før bandet entra lokalet stod dei nysgjerrige ungdommane klistra framføre scena. les meir >>
Jorun Larsen den 26.08.2005
|
|
No er festivalen over. Blodslitet er over. No kan me sola oss i glansen av ei fenomenal helg, rocken sildrar enno gjennom blodet og alle er nøgde med innsatsen. Endeleg tid til å lena seg attende og slappa av.
NEIDA!! Rockeklubben gjer seg aldri, og no er det ny storsatsing på Vift. Torsdag, 25. august kjem ingen andre enn Big Bang til Husnes. Rocken lenge leve! les meir >>
Jorun Larsen den 05.08.2005
|
|
Alle har høyrt dei. Frå undergrunnsband til velrenommert label og tilbake. 12 utgjevingar og uttallige konsertar over heile landet og utlandet med.
Kven det er?
Les artikkelen og finn ut. les meir >>
|
Etter at konserten var over fekk Rockeklubben HUSNES tilbakemelding frå fleire av gjestene om at dette var stort. Kanskje noko av det beste dei hadde høyrt på lenge frå scena på Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 07.03.2005
|
|
Ei av dei skjulte skattane i Noreg er Emmerhoff and the Melancholy Babies. Laurdag 5. mars kjem dei til Husnes og Rockeklubben HUSNES. les meir >>
Svein A. Vårdal den 28.02.2005
|
|
Det var ikkje noko småtteri vi hadde fått på scena denne kvelden. I si relativt korte karriere har dei bygd opp ei lang merittliste som inneheld nominasjonar til diverse prisar, fleire singlar, EP'ar og CD'ar. Det siste er landeplaga som herjar i ulike etermedia; "Sjå attende". les meir >>
Svein A. Vårdal den 15.02.2005
|
|
Rockeklubben HUSNES kan stolt få melde om at vi har klart å få tak i ei av dei heitaste gruppene i Noreg for tida. Laurdag 12. februar slår vi til med landskjende Gåte på Store Vift. les meir >>
Svein A. Vårdal den 02.02.2005
|
|
Den amerikanske gitaristen Mike Gallaher har med seg to av Bergens fremste utøvarar innan rytmisk musikk. Denne kvelden vil dei presentera eit program med stor spennvidde. les meir >>
|
|
 |
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNESTlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no |
Kontonr: | | 3460.11.76949 | |
Org.nr: | | 889 750 332 |
|
annonse:
|
|
Styret |
 |
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post /
sponsor |
 |
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald |
 |
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking |
 |
Presse
Jorun Larsen
Mob: 913 98 512
E-post: promo |
 |
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk |
 |
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom |
 |
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar |
annonse:
|
|
...VIT.no har levert websystemet vårt
|
annonse:
|
|