Først på scena var Kobayashi, som stadig gjev ei betre og betre konsertoppleving. Med tvangstrøye som uniform tok vokalist, Geir Mæhle bandet hakket vidare i deira allerede psykiske uttrykk. Resten av gjengen mata på med enorm intensitet og nærvær på scena, og gjorde sitt til at publikum ville ha meir.
Bandet ser ut til å ha funne si nisje med ein fot i mørk stonerrock og ein fot i den like mørke psykiatrien. Kobinasjonen fungerer glimrande. Dette var psykt fett.
Når Kobayashi hadde fått fart på publikum, var det meir enn klart for oslobandet Focolift. Dei hadde reist sju timar over fjell og gjennom fossar for å underhalde nydelege Husnes, som dei sa det sjølv, og det klarte dei med glans – denne gongen også.
Focolift synte seg å vera meir funky enn nokon gong, og drog i gong både gamle og nye låtar, som på vant vis fekk publikum til å shaka litt ekstra på legemet. Med sine store personlegdommar er det merkeleg at alle åtte fekk plass på capriscena, men sjølv focomannen, som er deira faste dansar, fekk plass til sine karakteristiske moves. Focolift ER faktisk kirsebæret på kremkaka. Det er lett å la seg friste.


 
|