A mind is like a parachute. It doesnt work if it not open
Frank Zappa sitat |
|
 |
 |
22.januar - Countryaften
med lokale artistar
11.-12.februar - Kvinnherad Kulturfestival
11.feb: ungdomsrock
12.feb: Gram Per Person & Tuco's Lounge
19.mars - Irsk aften m/ Irish Stew + support 26.mars - BJØRN HELLFUCK
2.april - Beinhard PÅSKEROCK
1.mai - Konsert i Festsalen, Husnes
21.Mai - RAMMSUND Rammstein på nynorsk
les meir >>
|
Rammsund vitja Husnes fredag kveld, og la seg lett inn i rekka av sjukt gode musikkopplevingar til no denne våren. Fleire av publikummarane tok Rammsundkonserten som ei oppvarming til Rammstein kjem til Noreg, og ei feit oppvarming vart det. Fleire av dei oppmøtte hadde allereie lært seg tekstane på nynorsk og skreik med til Gråbein (vokalisten) sine tunge strofer. Resten av gjengen såg ut til å vera kjend med det tyske moderbandet og stemte i so godt dei kunne, både i brøl og headbang.
Bandet, som skal setja pyrorekord på Rockefeller til hausten, stillte med ei beskjeden røykmaskin på vetle Capri, men stemninga vart likevel sett til ein plass i toppsjiktet. Dei unge herrene tente gnistar likevel. Pyro nok for meg. Hjarta mitt brenn. Dette var rått.
les meir >>
Jorun Larsen den 23.05.2010
|
|
RAMMSUND vitjar Husnes 21.mai og me inviterer hermed til rockeklubbens
siste arrangement før sommaren. Hurra!
Rammsund er det
nynorske barnet av tyske Rammstein. I fleire år har gutane ved hjelp at
noregs mållag oversett tekstar og spesialisert seg på feite
pyroeffektar, samstundes som dei denger laus på same
industriellmetallmåte som modergruppa. Dette er altså råare enn du trur.
No
har dei tenkt å svippa innom Kvinnherad for å gje oss ei kjær innføring
i kva heltane frå Tyskland eigentleg syng, før dei stikk vidare mellom
anna for å opna Norway Rock Festival i Kvinesdal 7.juli. Feitt!
Av
lukkelege grunnar er det 18års grense denne kvelden, og billettar vert
straks lagt ut til førehandssal - eg kjem tilbake med eksakt info når
den dagen kjem. STAY TUNED!
les meir >>
Jorun Larsen den 07.05.2010
|
|
annonse:
|
Sol skal stige - mørket vike på herrens dag 1.mai, år 2010!
I eit herleg samarbeid med LO og AP i Kvinnherad stiller nemleg Rockeklubben HUSNES med grom musikk og festlegheiter i Festsalen i Kulturhuset Husnes, laurdag 1ste mai!
Plakatens første punkt er UNGDOM; Alkoholfri disco med DJ, snacks og brus. Arrangementet er gratis, dørene opnar 18.00 og er ferdig 20.00.
Neste punkt på plakaten er VOKSNE; Konsert med Humming Beez og Irish Stew - to band som lovar liv laga med godlåtar frå 60talet og oppover, og irske folketonar. Det vil vera mang ein mogleheit til å svinga dansefoten også, samt syngja med på låtar av mellom andre Bob Dylan eller Rolling Stones. Som 1ste mai feiringa skal vera - me lovar ein real folkefest!
Det er mogleg å kjøpa vin og øl under voksenarrangementet (18års grense). Dørene opnar 21.00 og stenger 01.00. Inngong 150,- VEL MØTT! les meir >>
Jorun Larsen den 20.04.2010
|
|
annonse:
|
Tradisjon tru har Rockeklubben Husnes påskearrangement. Me forlenger langfredag med ein lystig dobbelkonsert med eit knippe lokale artistar.
Litle Big Sam er kveldens veteranar å døma, etter mange år som lokale heltar i musikkmiljøet i Kvinnherad. Det er Samson Røyrvik som stiller på eksplosiv vokal og gruppa er kjend for å få futt i publikum. Med coverlåtar av mellom andre AC/DC og Dumdum Boys byr dei på både rølp og feit musikk.
5ft7 kjem også til å bidra med feit musikk denne kvelden, berre på sin eigen måte. Gruppa musiserer i grenselandet mellom ponnipønk og traktorboogie, der fellesnemnaren er silorock. Med den livlege og entusiastiske Daniel Skibenes i front blir nok publikum eit lett byte dette årets langfredag.
Billettar vert selt i døra, staden er Capri. Vel møtt!
CC: 150,- ALDER: 18år les meir >>
Jorun Larsen den 30.03.2010
|
|
annonse:
|
Fredag kveld leverte Bjørn Hellfuck ei konsertoppleving som seint vil gløymast på Husnes.
Bergensbandet, som er kjent for å levera pikante grisetekstar og rolpete rock, fekk oppleva eit sveitt og engasjert publikum denne kvelden. Dei unge kvinnheringane var absolutt i fleirtal, og det såg ut til at dei fleste hadde gjort heimeleksa si i forkant av konserten, og song med på sviske etter sviske, ispedd nokre skålar og tilrop av typen ESSEMUS og SNABBSNABBSNABB! Vakkert.
Dei maskerte rockarane såg ut til å elska responsen, men måtte etter kvart be gjestene roa seg ned, - Bare ta det med ro. Vi e her alle for å kose oss, e vi isje?! ropte hellfucken sjølv då det vart vel mykje knuffing blant publikum. That's rock & roll!
Konserten var utseld i førekant av arrangementet, og me har aldri opplevd liknande tilstandar på Capri tidlegare. Vilt. Dette er tydeleg eit fenomen Kvinnherads ungdom er hypp på. Rockeklubben Husnes traff ein soleklar blink denne gongen.
les meir >>
Jorun Larsen den 30.03.2010
|
|
Rockeklubben treng KØYSENG til klubbhuset! Har du ei til overs, gje oss ein lyd snarast! For anledningen; eit dikt!
Du køyseng står so åleine, ingen over, ingen under, Lite tyngde i treverket gjer ei slitt seng einsam.
Me sjenker deg ein rockar, kanskje to! Me treng deg snart. Me treng deg no.
les meir >>
Jorun Larsen den 22.03.2010
|
|
Rockeklubben HUSNES er klare for å feira Saint Patric's Day. Me skapar vår eigen irske feiring på Capri, fredag 19.mars.
I mellom anna USA, Storbritannia og Irland er det tradisjon å kle seg i grønt denne dagen (jaja, 17.mars er den ekte datoen - me tar det den 19.). Ved feiringa møtes irar rundt om i heile verda for å feira skytshelgenen deira, og festar med øl og musikk. Det tykkjer me er god tradisjon, og slår eit slag for den irske nasjonaldagen.
Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga denne kvelden. Gruppa består av erfarne og dyktige musikarar; Magne Røstbø i front på vokal og gitar, Frode kaldestad stiller med trekkspel, fløyte og tangentar, Jan Arthur Kalsaas på slagverk, John Larsen på bass og Egil Vaage stiller med fele og mandola.
Gjengen hentar inspirasjon frå den irske folkemusikken og Dubliners, men drar også i gong anna rootsmusikk. Det er duka for ei heilafta på Capri. Ta del i folkefesten du og!
Alder: 20år les meir >>
Jorun Larsen den 22.02.2010
|
|
| BJØRN HELLFUCK kjem til Husnes 26.mars, ein god månad etter platesleppet av den mykje kritiserte plata INNFORJÆVLIG. Eit plateslepp som forøvrig vart ein feit suksess, med 1500 selte billettar, altså utselt, i Peer Gynt-salen i byn.
Det maskerte bandet leverer tekstar frå under beltestaden, servert på storkjefta bergensvis. Hellfuck har vert eit voksande fenomen sidan dei vart oppdaga på URØRT i 2007, og har blitt akseptert på riksdekkande radio, ja - faktisk klint til brystet av P3, med mellom anna låta KRABBEKLO.
Med sin sexrocka image kjem dei altså til HUSNES for å spre det uhøgtidlege budskap om alt som rører seg i underlivet. Om å vera bøg, om pissen og fisting og mensen og andre innforjævlige tema. Det er med andre ord klart for tidenes allsang i Kvinnherad. Fis på deg kjolen og reserver ein billett i dag. Capri har, som kjent, andre dimmensjonar enn Peer Gynt-salen, og tar berre 150 vakre menneske i slengen.
BILLETTAR kan reserverast ved å sms'a Geir Yven; 99417856, OG dei ligg allereie no klare til kjøp på STATOIL, Husnes og PLAYCOM, Husnes Storsenter.
Dørene opnar 22.00 Pris: 200 spenn Stad: Capri Alder: 18 les meir >>
Jorun Larsen den 17.02.2010
|
|
Det gjer forøvrig MANGE andre også. Torsdagens Ungdomsrock vart ein suksess, med femten band påmeld og eit steike høgt nivå. les meir >>
Jorun Larsen den 12.02.2010
|
|
Rockeklubben har eit godt nettverk rundt seg, men no er det på tide å utvida nettet med ein FRIVILLIGPOOL av musikkglade menneske. Det me treng hjelp til er mellom anna vakthald på konsertane våre, men også ved andre høve kan me trenga gode hjelparar.
SJØLVSAGT vil det regna goder på dei som ynskjer å stilla seg disponible, ein får til dømes koma gratis inn på arrangementa våre når ein ikkje er med som frivillig. Når klubbhuset vårt er skikkeleg på fote, vil me også samla heile gjengen for klubbkveldar med meir.
Det er med andre ord INGENTING å tapa på å melda seg som frivillig, berre goder i lange baner. Første arrangement me treng hjelp til er konserten med Gram Per Person og Tuco's Lounge 12.februar, og elles er det i grunn berre å kikka på programmet vårt og melda frå om arrangement ein kan hjelpa til med.
I denne samanhengen vil me også nytta høvet å TAKKA alle dei som per i dag har vore og er frivillig med som flittige hjelparar i klubben. Me hadde ikkje klart oss utan dykk! Kjenner du kallet; ta kontakt via epost, telefon eller grip fatt i oss på gata. Har du lyst, har du lov.
Rock on! les meir >>
Jorun Larsen den 02.02.2010
|
|
I år har me lagt vårt på det knusktørre, og serverer skitten country og rusten prærierock til Kvinnherad Kulturfestival. Våre lokale heltar Gunnar Emmerhoff og Bjørn Sturle Hillestad drar lasset.
les meir >>
Jorun Larsen den 26.01.2010
|
|
Fredagkveld, country, dans og goood stemning. Kort oppsummering av Rockeklubbens første arrangement i år. les meir >>
Jorun Larsen den 25.01.2010
|
|
Det er snart klart for Kvinnherad Kulturfestival, og Ungdomsrock 2010 blir i år arrangert for femte gong! les meir >>
Jorun Larsen den 19.01.2010
|
|
Me startar nyåret med ein ny temakveld på Capri. Denne gongen vert det COUNTRY for alle penga, fredag 22.januar!
les meir >>
Jorun Larsen den 18.01.2010
|
|
Fredag kveld var Capri staden å vera. Publikumsfavorittane Focolift og Kobayashi stod på menyen les meir >>
Jorun Larsen den 21.11.2009
|
|
Førstkomande fredag vert det ei heilafta utan like på Capri. Oslobandet Focolift kjem attende for å funka opp Husnes, og Kobayashi stiller med sin mørke stonerrock. Det vert tenna i veggen.
les meir >>
Jorun Larsen den 17.11.2009
|
|
Dette visdomsordet kan ein også nytta i høve BART-konsert. På underleg vis klarar Jumbo Johnny og Don Pedro ALLTID å skapa elleville tilstandar. Det smittar over på fænsen. FOR ein vellykka kveld det vart førre fredag! Hell jes! les meir >>
Jorun Larsen den 03.11.2009
|
|
Rockeklubben HUSNES slår eit slag for folkets favorittar denne hausten, og ein av godbitane i 2009 er Bart, som kjem for å rocka opp Capri førstkomande fredag. Me snakkar ein ekte RockOff 5460 med musikk sånn som ungdommen lika. les meir >>
Jorun Larsen den 27.10.2009
|
|
Fredag spelte Bluebones på Capri. Dei lokale heltane laga stor stemning og serverte ei fabelaktig god konsertoppleving!
les meir >>
Jorun Larsen den 12.10.2009
|
|
Det er endeleg klart for ein ny sesong med hefige kveldar på Capri. Først ut serverer me lokal, rocka og omgjengeleg blues, fredag 9.oktober! les meir >>
Jorun Larsen den 21.09.2009
|
|
Fredag, 1.mai, prisar Rockeklubben HUSNES våren med irsk musikk på Capri. Det er den lokale gruppa Irish Stew som står for underhaldninga.
les meir >>
Jorun Larsen den 28.04.2009
|
|
Påskeafta var det stille i gatene i Kvinnherad. Alle var nemleg på Påskerocken på Capri. Hell Yeah!
les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009
|
|
På laurdag skal Rockeklubben Husnes gje kvinnheringane ei ny rocka oppleving, med ÖlleBöll konsert på Capri. les meir >>
Jorun Larsen den 14.04.2009
|
|
Det er snart påske, og Rockeklubben har sjølvsagt ein godbit og to på lur til alle dykk som vil ha meir enn marsipan å kosa seg med på påskeafta.
les meir >>
Jorun Larsen den 16.03.2009
|
|
Rockeklubbens avslutting på årets kulturfestival vart ein kveld full av smekker tung rock, fullt hus og god stemning.
les meir >>
Jorun Larsen den 22.02.2009
|
|
No er årets kulturfestival i gong, og vår årlege tevling, Ungdomsrock, er vel overstått. les meir >>
Jorun Larsen den 13.02.2009
|
|
I tillegg til Ungdomsrock, satsar me også på ein rein konsertkveld under årets kulturfestival - laurdag 14.februar. Gjer deg klar for a dark night!
les meir >>
Jorun Larsen den 03.02.2009
|
|
Kvinnherad Kulturfestival nærmar seg, og det er, tradisjon tru, klart for Ungdomsrock 09.
les meir >>
Jorun Larsen den 26.01.2009
|
|
Godt over 250 rockehungrige sjeler hadde funnet veien innom Nattklubben Vift 4.juledag for å få med seg romjulens vakreste eventyr; rockeklubbens tradisjonelle Julerock. les meir >>
|
Om ei lita veke er det atter klart for Rockeklubben Husnes sitt vante julearrangement. Årets romjulsrock har godbitane på rekke og rad. les meir >>
Jorun Larsen den 22.12.2008
|
|
|
 |
Rockeklubben HUSNES
v/Geir Yven
pb 27
5480 HUSNESTlf: 994 17 856
Epost:post@husnesrock.no |
Kontonr: | | 3460.11.76949 | |
Org.nr: | | 889 750 332 |
|
annonse:
|
|
Styret |
 |
Leiar
Geir Yven
Mob: 994 17 856
E-post: post /
sponsor |
 |
Styremedlem
Harald Høgestøl
Mob: 915 27 436
E-post: harald |
 |
Booking
Jacobsen, Rune
Mob: 936 29 939
E-post: booking |
 |
Presse
Jorun Larsen
Mob: 913 98 512
E-post: promo |
 |
Teknisk
Vidar Røstbø
Mob: 402 85 724
E-post: teknisk |
 |
Ungdom
Jacobsen, Tore
Mob: 905 72 560
E-post: ungdom |
 |
Kasserar / Sponsing
Svein Erik Olufsen
Mob: 996 19 325
E-post: kasserar |
annonse:
|
|
..."Rockeklubben HUSNES" er arvtagar etter tidlegare Kvinnherad Rockeklubb som vart oppretta midt på 70-talet av mellom andre Roy Thomsen, Kjetil Melkersen og Arild Gertz
|
annonse:
|
|